Kva eg tilbyr deg

Yoga

Yoga er forening mellom kropp, sinn og sjel. Ein flott måte å holde kroppen i bevegelse, sjekke ut korleis den eigentlig har det. Yogaen er også ein veg innover, for å finne det aller beste i oss sjølv. Få betre kontakt med heile oss, og bruke det i kvardagen. Yoga har som mål å skape balanse i oss sjølve, med andre og i alt rundt oss. Yoga gir oss smidigheit og lettheit i kropp og sinn, samtidig kan vi utforske og forstå oss sjølve – og får det betre i liva våre.

Mindfulness

Mindfulness er på norsk oversett med oppmerksomt nærvær. Mindfulness er ein måte å vere vitne til og bli meir bevisst på egne tankar, følelsar og handlingar. Når vi er meir tilstades i livet kan det bli lettere å kjenne på glede og takknemlegheit i kvardagen. Mindfulness er ein fin måte å auke energien og overskuddet på, og å redusere bekymringar og stress.

Coaching

I coaching har vi fokus på utfordringar og mål. Coaching gjer oss bevisste på eigne begrensinger og opnar opp for nye muligheiter. Utfordringar kan begrense oss i kvardagen, skape stress, eller vi kan ha utfordringer som er nye mål; draumar, endring av jobb, endring av livsstil, kosthald, handtere kriser, nye perspektiv etc.

«Suksess er resultatet av god dømmekraft. God dømmekraft er resultatet av erfaring. Og erfaring er ofte resultatet av dårleg dømmekraft».

Anthony Robbins, verdens fremste coach.

Yoga

Bedriftsyoga i Lille Yogasal tar 10- 15 stk. Eg kjem gjerne ut til bedrifta di og holder yoga. De kan ha utstyret de treng som matter, puter, pledd, eller eg tar med utstyr. Bedriftyogaen består av kundaliniyoga (gjentakande bevegelsar og pusteteknikkar) og yinyoga (mjuke gode strekk i 3-5 min). Timen blir tilpassa deres behov f.eks ekstra fokus på armar, rygg, ro etc. Timen blir avslutta med lett avspenning eller det de ønskjer.

Morgonyoga i min Lille Yogasal kl. 8.30 onsdagar og torsdagar. Setter også opp eigne kurs, sjå oversikt her. Dersom de ønsker spesielle timer eller kurs tilbyr eg det også.

Eg har tatt instruktørutdanning i barneyoga med Siri Tuseth i Stavanger. Ønskjer de barneyoga i forbindelse med til dømes bursdagsfeiring, aktivitetsdag etc. er det berre å ta kontakt.

Mindfulness

På norsk betyr mindfulness oppmerksamt nærvær. Å vere til stades i det som er. Gjennom mindfulness studiet på Haraldsplass VID i Bergen lærte vi kor viktig det er å øve mindfulness kvar dag.

Det å vere meir bevisst eigne tankar, følelsar og handlingar er ein fin måte å få plass til meir glede og takknemlegheit i livet. Akkurat som data og mobil må vi oppdaterast og resettast for å henge med i kvardagen. Vi treng å bruke tid til å vere i stillheit og kunne nullstille oss sjølv, for å vere meir tilstades. Unngå feilmeldingar og autopilot. Slik kan vi oppleve at vi har friheit til å ta vala våre kvar dag, og komme vekk frå tredemølla og opplevelinga av å bli slukt av dagane og tidspresset rundt oss og i oss. Det å vere her og no.

Forskning  viser at mindfulness har positiv innverknad på stress og smerter i kroppen, styrker sjølvtilliten, konsentrasjonen og energinivået.

Mindfulnesskurs: skreddersyr kurs for 4 eller 6 veker.

Mindfulnesswalk: å vere tilstades i sansane i naturen.

Yoga med mindfulness for barn / ungdom / voksne / bedrifter

Coaching

Grunnleggarane av NLP-coaching (Neuro Lingvistisk Programmering) har studert kva folk som lykkast gjer for å lykkast. NLP er læra om korleis få fram det beste i mennesket. Læra består av mange forskjellige teknikkar for å skape det livet du ønsker å leve, og ikkje minst korleis du kan bli det mennesket du ønsker å vere.

Coaching på kontoret: vanleg 60 minuttar coachingtime. Jobbar med ei utfordring. Brukar ulike verktøy og teknikkar for å jobbe med utfordringa.

Walk & Talk: coachingtimen foregår ute i naturen mens vi bevegar oss. I naturen er det gjerne lettare å jobbe med eigne utfordringar, og ein kan få både ei fin oppleving og ein god coaching.

Lunsj-coaching: rask coaching på 30 minuttar. Anten på kontoret, telefon eller ein rask spasertur. Rask og effektiv måte å jobbe med ei utfordring og få overblikk.

Verdicoaching: vi jobber med eigne verdiar og haldningar. Når ein får oversikt over eigne verdiar og haldningar vil ein også kunne sjå meir av djupna av eigen personligheit. Kven er du? Korleis kan eigne verdiar og haldningar avgrense oss i kvardagen, skape stress, indre og ytre konfliktar ? Ein djup og spennande måte å jobbe på. Her brukar vi 90 minutt.

Elles kan eg rettleie eller coache i grupper. Dette kan foregå i studioet mitt, i eit grendahus, på ein arbeidsplass – eg er open for det meste. Eg tar også coaching på Facetime eller Skype.

Rettleiar

Eg har i fleire semester vore rettleiar for utdanninga Coaching og relasjonsledelse som blir arrangert av Folkeuniversitet i Sogn og Fjordane i regi av Høgskolen Oslo og Akershus. Har vore rettleiar både for første og andre semester studentar, der eg har jobba med grupper på 3-5 personar og individuelt.