Margunn Solstrand Belsvik
Eg er gift og har 4 barn. Har alltid vore opptatt av relasjonar og det som skjer når menneske møtast. Kva skjer i mellomrommet mellom meg og deg? Korleis påverkar vi kvarandre? Korleis kan ein jobbe med konflikter og adferd? Kva styrer mitt liv? Korleis kan eg få det betre med meg sjølv og dermed også med alle andre rundt meg? Korleis kan eg vere med og skape meir av det eg vil ha i livet? Få meir av det eg ønsker meg?
Etter å ha tatt utdanning i NLP, yoga, mindfulness, coaching og relasjonsledelse er det dette eg ønsker å jobbe med. Vere der og kunne bruke min kunnskap og erfaring til å bidra til at andre menneske får meir muligheit til påverke og jobbe med eige liv.
Ta vare på deg sjølv
…og dermed også alle rundt deg.
Flyvertinna/verten legg vekt på at ein alltid må ta på eigen surstoffmaske før du hjelper andre passasjerer. Slik er det også i livet.
Be the change you wish to see in the world.