Grunnleggarane av NLP-coaching (Neuro Lingvistisk Programmering) har studert kva folk som lykkast gjer for å lykkast. NLP er læra om korleis få fram det beste i mennesket. Læra består av mange forskjellige teknikkar for å skape det livet du ønsker å leve, og ikkje minst korleis du kan bli det mennesket du ønsker å vere.
Coaching på kontoret: vanleg 60 minuttar coachingtime. Jobbar med ei utfordring. Brukar ulike verktøy og teknikkar for å jobbe med utfordringa.
Walk & Talk: coachingtimen foregår ute i naturen mens vi bevegar oss. I naturen er det gjerne lettare å jobbe med eigne utfordringar, og ein kan få både ei fin oppleving og ein god coaching.
Lunsj-coaching: rask coaching på 30 minuttar. Anten på kontoret, telefon eller ein rask spasertur. Rask og effektiv måte å jobbe med ei utfordring og få overblikk.
Verdicoaching: vi jobber med eigne verdiar og haldningar. Når ein får oversikt over eigne verdiar og haldningar vil ein også kunne sjå meir av djupna av eigen personligheit. Kven er du? Korleis kan eigne verdiar og haldningar avgrense oss i kvardagen, skape stress, indre og ytre konfliktar ? Ein djup og spennande måte å jobbe på. Her brukar vi 90 minutt.
Elles kan eg rettleie eller coache i grupper. Dette kan foregå i studioet mitt, i eit grendahus, på ein arbeidsplass – eg er open for det meste. Eg tar også coaching på Facetime eller Skype.